| Kulda fører til endringar. |
|
|
|
| Skrive av Jarl | |
| mandag 22. februar 2010 | |
|
Det var ikkje forhold til å spele fotball for dei som møtte på trening på mandag, så det vart ein fin joggetur i staden. Meldingane er ikkje lovande, og derfor utgår fellestreninga i tysdag. I staden bør alle ta ein joggetur enten tirsdag eller onsdag. Det vert heller ikkje kamp mot Åmdal på torsdag, so då tek vi som vanleg ei økt med spinning i Volda. Derimot vert det kamp mot Hovdebygda på Nordfjordeid laurdag klokka 17.00. Der har dei kunstgrasbane med undervarme slik at vi igjen får spele på ei flott bane. Info om oppmøte og avreise vert gitt på torsdag. |
|
| Sist oppdatert ( mandag 22. februar 2010 ) |
| < Forrige | Neste > |
|---|