Heim
Stranda - Vartdal 1-1 (0-1) PDF Skriv ut E-post
Skrive av Geir-Arne Kaspersen   
mandag 12. oktober 2009

Vartdal spelte laurdag uavgjort borte mot Stranda. Det var lenge ein jamn kamp med mange sjansar til begge lag, men mot slutten av kampen var det Stranda som var best.

Målscorar for Vartdal: Kenneth Holsæker.

Vartdal spelte ein god kamp mot stranda på Stranda kunstgras.

Det har vist seg i tidligare kampar i år at Vartdal har prestert best på kunstgras, og hadde vi kunne hatt den fordelen heile denne sesongen kunne den fort sett annerledes ut.

Men sjølv om Stranda var det beste laget i andre omgong laurdag, så viste Vartdal mange gode tendenser og oppspelsvariantar.

Spesielt var det Rolf-Audun på topp som var eit uromoment for Stranda og fine kombinasjonar med Kenneth og Hans-Olav på høgrekanten så kom Vartdal til mange sjansar i kampen, men hadde dessverre dårlig uttelling på sjansane våra.

 

Sesongen har vore nok så tung. Med 1 poeng på Remane så har vi ikkje akkurat innfridd forhåpningane til publikum og oppmøtte. Og det er berre å håpe Vartdalstrandingane kjem tilbake neste år, sjølv mangel på poeng. Men 18 poeng på bortebane må vi sjå oss fornøgde med.

Vil benytte sjansen til å takke for sesongen. Den skulle gjerne sett litt annerledes ut. Men vi har ein unik gjeng på Vartdal som sjeldant mister humøret og det gode samholdet vil gjere at vi kjem sterkare tilbake. Takk til sponsorar, frivillige, banenemd, oppmenn/damer, støtteapparat og alle andre! Vi håper Vartdal får beholde mange spelarar til neste sesong og at vi får lov å spele i 4 divisjon da og. (Avhengig av at Aafk2/Herd rykker opp ifra 3.div sunnmøre).

 
< Forrige   Neste >





Gløymt passord?
Ingen konto? Lag ein