Heim
Vartdal - Sunnylven 3-0 (0-0) PDF Skriv ut E-post
Skrive av Geir-Arne Kaspersen   
torsdag 17. september 2009

Vartdal tok ein viktig seier mot Sunnylven på Ørsta kunstgras.

Målscorarar for Vartdal var Kenneth Holsæker og Rolf-Audun Vartdal 2. 

Vartdal starta kampen best, men det tok ikkje long tid før Sunnylven klarte å spele seg inn i kampen. Vartdal mista litt trykket på midten, men var tålmodige og spelte mykje bra fotball og hadde mange gode dødballar som kunne endt i mål hadde vi hatt meir trøkk inn foran kassa.

Det ville seg ikkje heilt i den avgjerande pasninga nærmare mål i spelet vårt, men vi viser til mange flotte kombinasjoner og spelar oss godt fram på bana når vi får det til. Men pasningane kunne såtte litt betre i første omgong.

vi gjekk mållause til pause med ei innstilling på at dette skulle vi vinne!!!! Var ikkje snakk om å gi dei rom å spele på og sleppe dei inn i kampen.

Andre omgong starta med eit bra Vartdal press. Midtbana satt betre og vi hadde gjort noken rokkeringar internt og nokon bytter.

Dette gjorde utslag. Etter drøyt 10 min i andre omgong fekk Kenneth Holsæker eit innlegg fra Leidulf som hadde komt opp fra back. Kenneth dempa ballen på brystet og skyt i ei flott bue over keeper i lengste hjørnet. Deilig scoring!! 

Etter dette tar Vartdal over kampen og speler seg fram gong på gong. Sunnylven virkar sletne og vi utnyttar dette. Halvegs i omgongen får Rolf Audun ei god pasning gjennom forsvaret som han må vinne ein duell med keeper før han kan enkelt putte ballen i ope mål. 2-0. 3-0 målet kjem på eit flott forarbeid av Jacob Gjersem frå høgrekanten, som dreg av 4-5 mann og legg ballen til rette for Rolf-Audun som setter ballen nede for keeper. Sunnylven hadde nokon halvsjansar i omgongen, men det var aldri noken stor trussel for forsvaret og keeper.

Petter-Ove gjorde ein god jobb i forsvaret. Jacob Gjersem hadde eit bra innhopp på høgrekanten. Nils-Petter Sæther var frisk som alltid på Venstre flanken og "debutant" Rolf-Audun Vartdal jobba seg bra inn i kampen etterkvart og putta to mål.

 

Flott lagseier av Vartdal som tek 3 viktige poeng og ligger likt med åmdal, med kun målforskjellen som skille. Takk til alle som tok turen til Ørsta for å heie oss fram!

 

Neste kamp er mot Sykkylven på laurdag kl.14:30 på Remane.

 
< Forrige   Neste >





Gløymt passord?
Ingen konto? Lag ein