Primary Color:
Primary Text:
Secondary Color:
Secondary Text:
Tertiary Color:
Tertiary Text:
Color Picker
Preview
FeaturesTypographyTutorials
Module Title
Home
Module Title

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetuer adipiscing elit. Ut non turpis a nisi pretium rutrum. Nullam congue, lectus a aliquam pretium, sem urna tempus justo, malesuada consequat nunc diam vel justo. In faucibus elit at purus. Suspendisse dapibus lorem. Curabitur luctus mauris.

Module Title
Module Title
Instructions

Select a predefined style from via the drop-down or choose your own colors via the handy mooRainbow based color-chooser. When you are satisfied with your selection, click the "Apply Colors" button below to store your selection in a cookie.

Apply Colors
Color Chooser

Forrige kamp

vartdallg.gif

Vartdal
Gursken/Larsnes
  6-2
Les meir HER
 

Nettlesar

Hei! Sjå her!
Brukar du Internet Explorer?
Då ser nok nettsida ganske rar ut.
Eg vonar då at du oppdaterar nettlesaren din!

Last ned Firefox, ein raskare og betre nettlesar!
Nettsida blir då vist optimalt, og menyen fungerar skikkeleg!

Firefox kan du laste ned her (gratis): TRYKK HER
PS! Hugs å kopiere favorittar du har lagra!

Mvh
Administrator

Kven er online?

Vi har 4 gjestar her no

Neste kamp

stranda.gif

Styret 08

styret.jpg

Treningstider

Viktig Vartdal-siger: Slo Gursken/Larsnes 6-2 PDF Skriv ut E-post
Skrive av Hans-Andrè   
onsdag 11. juni 2008
Vartdal slo Gursken/Larsnes heile 6-2 på Remane torsdag. Men det opna dårleg for heimelaget og til pause var resultatet 2-0 til gjestane. Men utover i 2.omgong var det berre eit spørsmål om kor stor sigeren skulle bli. 

Kampen opna på verst moglege måte for Vartdal. På sin første sjanse fekk Gulars maks treff på eit langskot og ballen gjekk i ein boge over debutant Knut Egil Aarseth i Vartdal-buret og 1-0 til bortelaget. Dette skjedde etter berre seks minutt. I perioda etter målet pressa Vartdal og kom til fleire avslutningar. Men fleire mål blei det ikkje før Gulars kom på sin andre visitt i Vartdal-boksa. Eit innlegg blei klarert ut, men assistentdommaren hadde sett noko ulovleg og etter konferering med dommaren blei det til slutt blåst straffe. Liten tvil i at assistentdommarane var sterkt inspirert av EM-fotballen i denne kampen. Dei var særs aktive og hadde fleire rare avvinkingar. Uansett, straffe til Gulars og 2-0. Aarseth var særs nær å redde denne straffa.

Vartdal fortsatte presset og skapte fleire sjansar. Geir Arne Kaspersen, Kristoffer Dahle og Jarl Vinjevoll hadde alle store sjansar til å redusere. Men omgongen ebba ut med 2-0 til bortelaget.

I pausa la Vartdal om formasjonen og spelet. Dette ga omframt resultat og etter 50.minutt var Jarl Vinjevoll først på eit langt oppspel og plasserte ballen forbi ei god Gulars-målvakt. Vartdal fekk blod på tann etter dette og varta opp med den eine store sjansen etter den andre, berre godt keeperspel heldt Gulars inne i kampen. Etter 79.minutt var det omsider slutt på Gulars si leiing. Markus Dimmestøl fekk hovudet på ballen og nikka den sikkert i lengste hjørnet etter eit godt innlegg frå Geir Arne Kaspersen. Berre to minutt seinare gjekk Vartdal opp i leiinga. Etter fleire duellar i feltet etter ein corner fekk Jarl Vinjevoll heada frå 11-12 meter litt skrått frå målet. Jarl blei hardt takla i same duellen og fekk faktisk ikkje med seg at han hadde heada Vartdal i føringa. Det spørs om Vartdal ikkje hadde fått straffe om ballen ikkje hadde gått i mål.

Etter 83 minutt scorar endeleg Vartdal på ein dødball. Kenneth Holsæker stig til værs på bakerste stolpe og headar hardt og kontant i nota. Dermed 4-2. Mye vil ha mer og Vartdal vil ha fler. 86.minutt: Geir Arne rundar keeper og legg inn til Kenneth frå spiss vinkel. Han sett ballen enkelt i mål frå 2-3 meters hald. Vartdal held oppe trykket og innbyttar Marius Roth får i veg ei god heading. Gulars-målvakt må gi retur og der dukkar Nils "Bein" Dragnes opp og pirkar ballen i mål. Dermed 6-2 til Vartdal.

Vartdal gjer alt i alt ein god kamp. Første omgongen er brukbar, men Gulars er i motsetning til Vartdal effektive og scorar på sjansane sine. Dette pregar første omgongen. I andre omgong er det berre eitt lag på bana og hadde Vartdal fått hol på byllen tidlegare, då kunne det fort ha blitt endå styggare siffer for Gulars.

Det er vanskeleg å trekke fram spelarar på Vartdal i denne kampen. Det var fyrst og fremst ein lagsiger. Leon Romestrand spelte seg stort opp og hadde ein særs god 2.omgong. Jarl og Kenneth scorar to mål kvar og Geia har fleire assist. Men god innsats over heile linja og også eit pluss til Marius Roth for eit godt innhopp.

Vi vil også gratulere Knut Egil Aarseth med debuten i Vartdal-trøya. Han står ein solid kamp og kan ikkje lastast for nokon av måla.

 Frå notatblokka til Ann Karin:

5min: Vartdal avblåst for offside.
6min: Mål imot!
12min: Nesten skudd i mål frå Geir Arne.
17min: Nesten mål på hjørnespark.
21min: Straffe imot Vartdal, ...??? og mål imot.
32min: BYTTE! Leon ut, Jarl inn.
40min: Nesten mål, men Vartdal blåst for offside.
I pausa gjer vi eit bytte. Alex ut, Leon inn.
50min: Mål til Vartdal ved Jarl!!
69min: Ein spelar for Gursken/Larsnes er bort i ballen med handa, så frispark til Vartdal.
76min: Frispark til Vartdal
79min: Mål til Vartdal ved Markus etter innlegg frå Geir Arne!
81min: Mål til Jarl og Vartdal!
83min: Mål til Vartdal. Kenneth hedda inn etter innlegg frå corner.
86min: Mål til Vartdal ved Kenneth, etter innlegg frå Geir Arne!
86min: BYTTE! Markus ut, Roth inn.
89min: BYTTE! Rune inn og Kenneth ut.
90min: Mål til Vartdal ved Nils.

Sist oppdatert ( fredag 13. juni 2008 )
 
< Forrige   Neste >

Neste kamp

vartdallg.gif
 Stranda
 Vartdal
   
      Stranda KGB

19.06 -  kl 18.30

4. div - 2008

Herd 7
19-6
16
Bergsøy
7
18-8 16
Stranda
7
22-9 14
Ørsta 6
29-10
13
Norborg
7
15-9
12
HaNo 7
11-16
10
Sunnylven 6
12-5 9
Åram/Van-Kam 7
11-17
6
Vartdal
7
9-22 6
Vigra 7
9-19
5
Ørskog
7
9-21
5
Gursken/Larsnes
7
6-28
2

Oppdatert pr. 29.05


 
 
  
    





© Vartdal TIL 2008