Primary Color:
Primary Text:
Secondary Color:
Secondary Text:
Tertiary Color:
Tertiary Text:
Color Picker
Preview
FeaturesTypographyTutorials
Module Title
Home
Module Title

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetuer adipiscing elit. Ut non turpis a nisi pretium rutrum. Nullam congue, lectus a aliquam pretium, sem urna tempus justo, malesuada consequat nunc diam vel justo. In faucibus elit at purus. Suspendisse dapibus lorem. Curabitur luctus mauris.

Module Title
Module Title
Instructions

Select a predefined style from via the drop-down or choose your own colors via the handy mooRainbow based color-chooser. When you are satisfied with your selection, click the "Apply Colors" button below to store your selection in a cookie.

Apply Colors
Color Chooser

Forrige kamp

vartdallg.gif

Vartdal
Gursken/Larsnes
  6-2
Les meir HER
 

Nettlesar

Hei! Sjå her!
Brukar du Internet Explorer?
Då ser nok nettsida ganske rar ut.
Eg vonar då at du oppdaterar nettlesaren din!

Last ned Firefox, ein raskare og betre nettlesar!
Nettsida blir då vist optimalt, og menyen fungerar skikkeleg!

Firefox kan du laste ned her (gratis): TRYKK HER
PS! Hugs å kopiere favorittar du har lagra!

Mvh
Administrator

Kven er online?

Vi har 8 gjestar her no

Neste kamp

stranda.gif

Styret 08

styret.jpg

Treningstider

Vartdal tapte 3-0 mot Norborg PDF Skriv ut E-post
Skrive av Hans Andre   
torsdag 24. april 2008

I ei hard og tøff batalje på Ørsta kunsgras blei Vartdal til slutt eit par hakk for små og tapte klart 3-0. Men lenge var det ein jamn kamp som raskt kunne fått eit anna utfall.                         

Kampen opna med eit lite Norborg-trykk. Ei blokkert avslutning etter eitt minutt og eit par ufarlege dødballar blei innleiinga til ein hard kamp. Innleiingsvis føregjekk det meste av spelet mellom 16-meterane med tidvis hard kjemping og mykje duellar. Det var likevel Vartdal som skulle få kampen sin første store sjanse. Spelande trenar Geir Arne Kaspersen kom aleine med Norborg-målvakta og avslutta i steget. Men uheldigvis for "heimelaget" gjekk ballen i stonga. Vartdal pressa i denne perioda hardt på, men utan å skape så mykje meir enn eit par halvsjansar.

32 minutt ut i kampen kjem første målet. Norborg får ei omdiskutert straffe og Tarjei Urkedal set ballen sikkert i mål. Vartdal-spelarne følte at straffa var hardt i dømt, men dommar Steinar Hjelle var klar i si sak. Uansett, ei noko "urutinert" tackling av ein Vartdal-spelar. Kampen fortsett i same sporet. Vartdal skapar halvsjansar, medan Norborg greier å kome seg til litt større sjansar. På overtid av første omgong får bortelaget nok ein gong betalt. Etter mykje duellering i feltet står plutseleg Adrian Håbet aleine og prikkar inn 2-0. Fleire Vartdal-spelarar står med handa i veret og ville ha offside i denne situasjonen. Ei psykologisk viktig scoring for Norborg som kom på eit gunstig tidspunkt.

I første omgong sleit Vartdal med Norborg si aggressive midtbane. Dei pressa knallhardt og ga Vartdal aldri noko særleg rom for gode overgongar. Vartdal sleit også defensivt på si ventre side i denne omgongen. Dette førte til at det blei gjort nokre grep i pausa. Ein la om til 4-4-2 og med klar beskjed om at det skulle slåast lang i andre omgong og at det skulle krigast som besatt. På denne måten fekk ein kanskje nøytralisert midtbana til Norborg og ein unngjekk brudda imot.

Dette slo ikkje heilt til, men det kunne likevel ha blitt ny spenning i kampen då Jarl Vinjevoll drog seg fri inne i feltet, men avslutta rett på ei utrusande Norborg-målvakt. Vartdal skapte ikkje noko flust med sjansar i andre omgong heller. Ifylgje norborg.com var det 5-5 i sjansar etter 70 minutt. Etter dette såg det ut til at Vartdal-spelarane mista litt trua og Norborg tok over å kjørte hardt dei siste 20 minutta. Då produserte dei sjanse på sjanse mot eit noko sluttkjørt Vartdal-lag. Dei scora eit mål til etter eit godt skot av gode Ardian Håbet etter 79.minutt.

Det Vartdal skal vere nøgde med etter denne kampen er at det ser ut som om laget har knekt koda på 4.divisjonsnivået. Ein må ha i bakhaudet at dette laget eigentleg skulle spele i 6.divisjon i fjor. Intensiteten og viljen er absolutt til stades og dersom ein greier å finne same nivået til kvar kamp så vil det bli plukka ein del poeng utover. Best på Vartdal i denne kampen var Kristoffer Fiksdal og Leon Romestrand. Dei la ned ein fantastisk innsats.

Norborg er eit særs godt lag som vi trur vil kome halsande rett etter Ørsta og Bergsøy på tabellen. Laget er godt organiserte, sjeldan i ubalanse, eit spisspar som utfyller kvarandre godt og ein farleg spelar i unge Håbet. 

Vi takkar Norborg for kampen og ynskjer lukke til vidare!

For Vartdal er det nye sjansar allereie onsdag på Remane. Då kjem Sunnylven på besøk.

 

Ann-Karin sine kampfakta:

19min: Nesten Mål ved Geir Arne. Kjempe sjanse.
32min: Straffe mot Vartdal, mål imot.
33min: Mål imot, men annulert pga offside.
35min: Frispark til Vartdal. Innlegg frå Alex som gikk nesten i mål.
39min: Petter Ove vert skada og må ut. Dahle kjem inn.
46min: Mål imot.
I pausa gjer vi eit bytte.
Nils ut, Jarl inn.
51min: BYTTE! Sætre inn, Geir Arne ut.
78min: Mål imot.
81min: BYTTE! Nils inn, Markus ut. 
                            

 

 

Sist oppdatert ( mandag 28. april 2008 )
 
< Forrige   Neste >

Neste kamp

vartdallg.gif
 Stranda
 Vartdal
   
      Stranda KGB

19.06 -  kl 18.30

4. div - 2008

Herd 7
19-6
16
Bergsøy
7
18-8 16
Stranda
7
22-9 14
Ørsta 6
29-10
13
Norborg
7
15-9
12
HaNo 7
11-16
10
Sunnylven 6
12-5 9
Åram/Van-Kam 7
11-17
6
Vartdal
7
9-22 6
Vigra 7
9-19
5
Ørskog
7
9-21
5
Gursken/Larsnes
7
6-28
2

Oppdatert pr. 29.05


 
 
  
    





© Vartdal TIL 2008